Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje helse- og oppvekstfag?
Dette er eit utdanningsprogram for deg som ønskjer å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov. Du må trivst når arbeidsdagane endrar seg, og du må takle nye utfordringar kvar dag.
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær? På vilbli.no kan du lese meir om helse- og oppvekstfag.
Sjå meir om korleis det er å vere elev ved helse- og oppvekstfag på skulen vår:
Vi tilbyr
På Odda vidaregåande skule har vi eit godt samarbeid med verksemder, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling og læreplassar.
Hos oss kan du søkja:
- vg1 helse- og oppvekstfag
- vg2 helsearbeidarfag