Ein god stad å vera, ein god stad å læra
Ved Odda vidaregåande skule får du spennande og varierte studieretningar. Du kan velje mellom mange fag innan kvar studieretning. Vi er ein triveleg skule med moderne utstyr og eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Nærmiljøet gir mange moglegheitar, mellom anna innan organisasjonar, musikk, kultur og idrett.Du skal ha det bra ved skulen vår
Vi arbeider aktivt for eit godt miljø på skulen, der du som elev skal oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle. Vi har ei rekke tenester og tilbod som du kan nytte deg av. Les meir under fana "Elevar og føresette".Visma InSchool
Vi nyttar Visma InSchool som skuleadministrativt system. Føresette har tilgang til systemet. Klikk på lenka under for å få ei innføring. Lenke til innlogging finn du under "Snarvegar" øvst på heimesida vår.Aktuelle saker
23.01.2024
Normal skule frå onsdag 24.01
Alle vegar er opne, og det vert difor normal skule frå i morgon onsdag 24.01
18.01.2024
Farevarsel og skuledag 19.01
Vanleg skule fredag 19. januar, men heimeskule for elevar frå Jondal og Kvinnherad
14.12.2023
Undervisningsevalueringa 2024
Årets undervisningsevaluering skal gjennomførast 3. - 5. januar 2024