Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søke læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere.

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt og består av fire delar:

  • Planlegging  
  • Gjennomføring  
  • Vurdering  
  • Dokumentasjon

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Anbefalte sider om dine rettar som lærling: 

Ingen læreplass?

Du har dessverre ingen garanti for å få læreplass i ei bedrift. Å vera lærling betyr at ei lærebedrift ønskjer å tilsette deg i tida du lærer yrket. Det varierer frå år til år og i kva fag det kan vera vanskeleg å få ein læreplass. Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vera eit alternativ, anten innan eige fagområde eller påbygg til generell studiekompetanse for å ta studiekompetanse.

Les meir om det å bli lærling på Vestland fylkeskommune sine sider