Handverk, design og produktutvikling er for deg som er interessert i å arbeide med hendene og vil lære meir om mellom anna handverksteknikkar og ulike materiale. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Vi har landsline i smedfag
Landslina smedfag er eit vg2-utdanningsprogram som bygger på vg1 design og handverk eller vg1 teknologi- og industrifag.
Kvifor velje smedfag?
Smedfaget er eit tradisjonsyrke som kombinerer kreative eigenskapar med praktiske og kunstneriske evner. Det er ei utdanning som gjer mange spennande utfordringar undervegs i utdanningsløpet og som dannar grunnlag for fleire spennande yrke etter endt utdanning. Her kan vi nevne kunstsmed, låsesmed, våpensmed, verktysmed og likande.
Vi tilbyr
Smedfag er eit praktisk og kreativt program der opplæringa går føre seg ute i ei flott smie renovert til moderne bruk og opplæring. Lærar har lang erfaring frå smedskule i Tsjekkia og er mellom dei fremste i Europa.