Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Vestland fylkeskommune gir tilbod om gratis vidaregåande opplæring for vaksne. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett.
Odda vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2025-26:
Kjemiprosess- og laboratoriefag
Vg1 Teknologi- og industrifag, med vidare løp til Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag.
Helsearbeidarfag
Vi tilbyr opplæring i helse- og oppvekstfag Vg1-3 for vaksne. Du får opplæring i programfaga og fellesfaga.
Dette tilbodet er organisert som modulbasert fag- og yrkesopplæring (MFY).
Du finn mykje relevant informasjon på Vestland Fylkeskommune sine sider om vaksenopplæring.
Ynskjer du opptak for 2025-26 registrerer du søknaden din i vigo.no.
Sjå oversikt over vaksenopplæringstilbodet i Vestland fylke.
Meir informasjon får du og ved å ta kontakt med Rettleiingstenesta i Vestland Sør.