Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Individuell vurdering
For nokre elevar vil det vere aktuelt å bli utplassert i tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass eller ei vekstbedrift. For andre, som til dømes skal ha ein plass på eit dagsenter etter avslutta vidaregåande opplæring, kan det vere aktuelt å trene på daglege gjeremål på skulen.
I arbeidstreningsgruppene får elevane grunnleggjande praktisk opplæring som førebur dei til framtidig arbeid. I tillegg får dei tilrettelagt opplæring i sentrale allmennfag.
Fylkeskommunen gjer avtalar med vekstbedriftane om kartlegging av arbeidsevne og hospitering/utprøving for elevar i desse gruppene. Skulane og oppfølgingstenesta (OT)/pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har eit forpliktande samarbeid med NAV-kontorene om overgangen frå skule til arbeidsliv/dagsenter.
Vi tilbyr
Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov. Målet er å trene elevane til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.
Tilbudet er knytt opp til desse faga:
Kvar elev får si individuelle opplæringsplan (IOP). Vurderinga av elevane blir gjort opp mot måla i denne planen og den sakkunnige vurderinga.
Ønskjer du å søkje opptak? Ta kontakt med ein av oss nedst på sida!