Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Kvifor velje idrettsfag?
Vi legg stor vekt på friluftsliv ved idrettslinja i Odda. Kvart år reiser vi på fleire overnattingsturar, i tillegg til dagsturar både haust og vinter. Turane er både kjekke og lærerike, og skapar eit spesielt godt klassemiljø.
I Odda og Ullensvang har vi tilgang på særs gode treningsfasilitetar. Dette gjer at vi kan tilby gode treningsforhold innanfor mange ulike idrettar. På vilbli.no kan du lese meir om idrettsfag.
Sjå meir om korleis det er å vere elev ved idrettslinja på skulen vår:
Vi tilbyr
Idrettsfag kombinerer teoretisk utdanning med idrett og trening/toppidrettssatsing. Vi kan tilby eit breitt utval av idrettar og aktivitetar som saman med obligatoriske, allmenne fag, gjev deg generell studiekompetanse og ei allsidig idrettsutdanning. Idrettsfag gjev såleis talentfulle utøvarar høve til å kombinera teoretisk utdanning og idrettssatsing.