Odda vidaregåande skule skal vera ein inkluderande skule med høgt fagleg nivå, gode læringsresultat og framifrå trivsel. Visjonen vår er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Ved skulen vår får du:
- Spennande og varierte studieretningar med stor breidde i val av fag innan kvar studieretning.
- Ein triveleg skule med moderne utstyr.
- Eit aktivt og inkluderande læringsmiljø i tett samarbeid med næringslivet og offentlege institusjonar. Vi har gode erfaringar med å finna rett læreplass for våre elevar.
- Dyktige og engasjerte lærarar som tek deg på alvor og gir god oppfølging.
- Ein skule som er engasjert i internasjonalt samarbeid og internasjonale prosjekt
- Eit tilbod i nærmiljøet som gir mange moglegheitar mellom anna innan organisasjonar, musikk, kultur og idrett.
Vår utviklingsplan har fire fokusområde
- Vi skal vera ein samansveisa skule
- Vi skal ha ein vel fungerande organisasjon
- Vi skal ha gode utdanningstilbod
- Vi skal vera ein attraktiv samarbeidspartnar
Vi fokuserer på desse tiltaksområda
- Vurdering for læring
- Lokale utviklingsprosjekt der initiativet kjem frå dei ulike avdelingane (lærar-/leiarhald), og der kvart prosjekt omfattar eit avgrensa tal på elevar og lærarar
Styringssignal:
- Vidareføre VFL-arbeidet:
- Korleis finne felles kriterier for god vurdering på avdelingane, eller innanfor seksjonane? Kva skal vere kjenneteikn og/eller felles malar for god vurderingspraksis?
- «Småprosjekt»:
- Eksperimentering i undervisningspraksis.
- Forpliktingar? Pr. klasse? Pr. seksjon? Pr. avdeling?