Alle elevar vert inviterte til å delta i Elevundersøkinga i perioden 15. - 27. november 2024.
Odda vidaregåande skule vil gjennomføra elevundersøkinga i perioden 15 - 27. november 2024, og vi vel å gjennomføra den for alle trinna.
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får si si meining om læring og trivnad i skulen. Det er obligatorisk å gjennomføra Elevundersøkinga for vg1 i haustsemesteret. Skulene kan også velje om dei vil gjennomføra på fleire trinn, noko skulen ynskjer å gjera.
Svara vert nytta av skulen, fylkeskommunen og staten for å følga opp skulemiljøet og elevane sin trivnad. Det er frivilligå svara på Elevundersøkinga og det er også mogleg å hoppa over spørsmål.
Elevane oppgjer ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finna ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (til dømes ved små skular), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan gjenkjenna kven som har svart kva. Difor er det svært strenge reglar for vising av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å gjenkjenna elevena sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga vert lagra og brukt på riktig måte. Svara frå Elevundersøkinga vert lagra så lenge det er naudsynt, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Nærare informasjon om og statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.